OPPSUMMERING FRA VINTERVEKO
Den fjerde utgaven beviste at Vinterveko har kommet for å bli
Pressemelding:
Denne helga vart den fjerde utgåva av Vinterveko arrangert på Voss. Arrangementet starta fredag med kvalifisering i Voss Freeride, som er ein del av Noregscupen i frikøyring. Trass vanskelege køyreforhold var organisasjonskomiteen svært nøgd med gjennomføringa av konkurransen. Mykje bra skikøyring, lite skadar og strålande solskinn var oppsummeringa etter
kvalifiseringa.
Finalen laurdag vart diverre avlyst grunna vanskelege tilhøve i fjellet. -Me er likevel glade for at deler av konkurransen var gjennomført, spesielt sidan Sogndal og Hemsedal har avlyst sine konkurransar nettopp grunna vanskelege snøforhold, seier Vivi Sponland, som er leiar for Vinterveko.
Laurdag stod vestlandsmeisterskap i big air på programmet. Frå tribunen i Myrkdalen, beståande av 50 solsenger, fekk publikum oppleve talentfulle utøvarar i høge svev over brekande villsau. - Voss er jo smalahovebygda og når me skulle velgje element som utøvarane skulle hoppe over, vart villsau eit naturleg val, seier Linda Risanger, ansvarleg for big air konkurransen.
Speedflying, som er ein kombinasjon av skjermflyging og skikøyring, er ein sport i vekst. Laurdag samla heile 21 utøvarar seg til ein spektakulær konkurranse i denne sporten. Deltakarane køyrde og filma kvarandre i eit avgrensa fjellområde. Etter konkurransen gav dei kvarandre poeng på videoen, og kåra såleis sjølve ein vinnar.
I tillegg til konkurransar, stod sosiale toppturar, skredkurs, rail jam, Dagens Video og konsert med The Soul Express Orchestra på programmet.
- Årets festival var ein braksuksess. Vinterveko har tatt form og etablert seg som eit bærekraftig ekstremsportarrangement på vinterstid. Me er komen for å bli, seier Vivi Sponland.
Resultater
Alpint Menn
1. Steinar Nes, 2. Bjørn Thomas Romsøe, og 3. Martin Ruud
Damer ski
1. Gunvor Wæhle, 2. Tonje H. Padøy, og 3. Hildegunn Gjertrud Hovdenak







